Også vi som selger sex drømmer om eit bedre liv

Nokon har nok lurt på hvem denne personen er. Denne mora som synkar så langt ned at ho sel kroppen sin. Før eg sjølv gjorde det først gong var det for meg utenkelig å gjere noko slikt. 

Når eg vokste opp var heimen min litt anderledes enn venane mine sine heimar. Far min drakk ofte mykje og hadde sine problemer. Men han var snill og gjorde oss aldri vondt. Mor min derimot sleit med depresjonar og spiste mykje medisinar. Når eg var 17 år tok mor min sjølvmord. Vi har aldri funnet ut hvorfor, men hun var veldig deprimert dei siste vekane før. Fire og eit halvt år seinare fekk far min kreft i leveren og døde eit år seinare. Når eg var lita jente ville eg bli noke stort. Eg ville bli lege eller advokat. Og alle åra eg gjekk på skule var ein fin tid. Eg gjorde det godt i alle fag. Og alle som kjente meg sa at eg ein dag ville bli noko stort. Men etter skulen blei eg kjæreste med ein som ikkje behandlet meg bra. Og når eg ville vente med å ha sex slo han opp. Noen måneder seinare kom eg sammen med far til ungene mine. Han var snill med meg og behandla meg bra. Men han drakk veldig mye i helgene. Og eg som egentlig hadde bestemt meg for å ikkje drikke alkohol siden far min var alkoliker begynte også å drikke. Men så blei eg gravid. Då hadde eg endelig ein unnskyldning til å ikkje drikke lenger. Etter at vårt første barn var født var alt bra. Han hadde ein god jobb og tjente godt. Men etter at vi fikk nummer to forandret han seg. No ville han feste igjen. Han beskyldte meg for å halde han tilbake. For å ødelegge livet hans. Så etter ein stund flytta han ut og eg satt igjen med ein dyr husleige og 2 unger. Utan utdanning og ingen kjennskap til arbeidslivet. Sosialtjenesta vart den einaste løysinga. Eg har fleire gonger bedt om hjelp frå både sosialtjenesta, nav og barnevernet. Men den dagen barnevernet spurte om eg var sikker på at eg klarte å ta meg av mine eigne unger, og med beskjed om at dei vurderte å opne sak på meg forstod eg at ikkje kunne spørre om meir hjelp enn de eg allerede fikk. Eg er og ein person som har vanskelig for å spørre om hjelp. Eg er blitt vant med å klara meg sjøl. Kvar gong nokon har tilbudt meg hjelp har dei forventa noko tilbake. Dessverre har eg ikkje noko å gi. Eg sel kroppen min bare når eg verkelig må. Og da skjer det på mine premissar. Og dei som trur at gjer det fordi eg er lat og lurar på kvifor eg ikkje jobbar veit ikkje hva dei snakkar om. Eg skulle virkelig ønske eg hadde ein jobb. Men her eg bur er det ikkje lett å få seg jobb. Og siden eg ikkje har familie har eg heller ingen til å hjelpe meg med ungene. Drømmen er å ein dag ha nok pengar til å flytte til ein større plass der eg kan få ein normal jobb og et nytt liv. Der både eg og ungene mine kan starte på nytt. 

Eg håper ein dag at drømmen min blir virkelig. 

 

Til dere som foreslår at eg må spørre om hjelp. Eg har aldri lært å be om hjelp. Og tror ikkje at noen vil hjelpe ein fremmed aleinemor som ikkje har noe å gi tilbake.



 

3 kommentarer

Kari

21.07.2017 kl.19:36

Vil sende deg 50 kroner. Hvor kan jeg sende de? Du trenger ikke oppgi navn så lenge jeg får et kontonummer. Håper flere og gjør det slik at du kommer deg ut av dette. Ønsker deg alt godt videre. Og oppfordrer andre som leser denne sterke men viktige bloggen å hjelpe forfatteren.

revenka

21.07.2017 kl.19:37

Kari: Send meg gjerne en mail på reveenka1234@gmail.com

Andrea

22.07.2017 kl.10:35

Håper du får livet du ønsker deg <3

Skriv en ny kommentar

revenka

revenka

28, Sogndal

Til dei som har spurt etter epost adressa min. Den er reveenka1234@gmail.com

Kategorier

Arkiv

hits